maks uflaks

Som vi alle veit, har eg ikkje tvnorge på hybelen, og einaste muligheit eg har til å sjå det, er å ta turen ned på kondisjonsapparata på treningssenteret. To norske kjendisar eg faktisk har sansen for, Ronny frå p3morgon, og Aslag Guttormsgaard frå Black Debbath (<3 <3 <3) var denne veka på 4-stjerners middag, sjølvsagt på tvnorge! NEDTUR. 

Eit par timar etter å ha komt heim frå trening, dukkar denne meldinga opp på twitter:

 

 

...skulle verkeleg ha venta med å trene i dag.



Design for alle pengar

Her sit eg klokka 10 ein laurdagskveld, og berre "PAAAAARTYYY!" ................ nei. Brevark skal lagast til perfeksjon, visittkort og annonse skal også på eitt vis bli utforma. Etter ein liten pause med denne hunken,

 

er det tilbake til skulearbeid. Innlevering på mandag er alltid kjekt, når helga forsvinn i eit hav av skulearbeid. Neida, må jo innrømme at eg ikkje har den verste oppgåva på jord. Eg skal jo berre utforme namn, logo, slagord, dekorelement, brevark, visittkort, plakat og annonse til ein bokhandel. Berre barnemat for ein erfaren designstudent, eller? :D

Testprint til tusen. Men held motet oppe, TEN THUMBS UP!

Livet er komplett

Dagens innkjøp: ti pakkar MR. LEE <3 nudlar. Skal ikkje meir til for å glede ein student. Gjett kva eg skal ha til middag i dag!!!

elska.

På nye eventyr

Mission impossible: Lage oreokjeks HEILT ALEINE. Berre det at eg hadde tenkt til å begi meg ut på denne farefulle ferda lova ikkje godt i det heile tatt. Det begynte overraskande bra, og når eg såg vekk frå at bakebollen min var alt for liten kom eg i fare for å tenke "dette gikk jo lett!"

...........


La meg berre komme til poenget: allerede FØR kjeksa kom inn i ovnen, var eg nære på å utløyse brannalarmen her i huset (merk: seks etasjer med hyblar og treningssenter i dei to første etasjene. Lite kult når brannalarmen går, og samtlige må springe ut). Med mykje røyk, svidd lukt og vindauget på vidt gap måtte eg ta ei pause i kjeksbakinga, og søkte asyl på det einaste varme rommet utanom boda: badet. 

Så der sat eg og las markedsførnig medan minusgradene tok over heile hybelen min. Koselig.

Asylsøknaden min til badet vart ikkje innvilga, og eg vart etter ei stond nødt til å bevege meg ut på kjøkkenet igjen for å fullføre kjeksbakinga. Med unntak frå at nokre av kjeksa vart litt godt steikte, og at eg lagde alt for mykje fyll, var det stor suksess!



OM NOM NOMM NOM NOM NOM NOM NOM NOMN NOM

Ting som gjer meg glad

  • å få sove lenge
  • å sjå nye, knakande gode filmar
  • webdesign og alt som har med det å gjere
  • konsertar
  • kosekveld med gode vennar
  • å få post (spesielt når eg ikkje ventar det!)
  • spotify utan reklame
  • skjønnlitteratur (blir ikkje så mykje tid til det, dessverre. Pensum </3)
  • musikkmusikkmusikk
  • å plutseleg høyre nokon med lignande dialekt som meg, her på austlandet
  • engelsk
  • når folk som spør om hjelp på jobb viser stor glede for at eg kan hjelpe dei
  • sjokolade
  • ananasjuice
  • å bli invitert med på ting som skjer
  • følelsen etter å ha oppnådd eit mål
  • å lage mat som er like god som når mamma lagar den


og sist men ikkje minst

  • ....lage lister

 


Frå konsert i helga. Hurra Torpedo på scena!

Kva gjer DEG glad?

Tilbake?

Forsvann plutselig frå bloggverden. Oppdaga plutseleg i slutten av november at det var noko som heitte eksamen og også tjukke pensumbøker. GRRRREEAT. Var på to vekers juleferie, og når eg kom tilbake til D-town, vart eg meir eller mindre sjokkert over at palma mi framleis var i live. Hadde jo forventa den skulle ta kvelden etter to døgn i mitt nærver, men overraskande nok sto den der grønn og fin (men tørr) tidlig i januar. Merkelig nok var det ETTER eg kom heim den begynte å ta få brune blad... 


Veit ikkje om det seier noko om meg eller palma.

ANYWAY. På fredag kjem verdens beste band til Drammen = Black Debbath. Ikkje nok med det, men mange andre bra band (med dei samme folka) skal spele og! Blir femte Debbath-konserten min, det. Ikkje verst, om eg så skal seie det sjølv. Plutseleg hadde det i den sammenheng snike seg ein plakat inn på veggen min! Eg? Plakat-raid? ALDRI.


KOM KOM KOM!

Tomt

I stadan for å fortelje om denne veka, vil eg heller vise eit bilete som fortel meir enn tusen ord.

tomt. (det var faktisk berre eitt ord, og ikkje tusen... men du sjønar).

... MEN no er det andre bollar! Lønn strømma inn på kontoen i dag, og eg kunne gå til Kiwi for å kjøpe meg berlinerbolle! om nom nom nom.

No skal eg gå i hi fram til eksamen er ferdig den 16. desember. CYA......... HAHA neida, blir ikkje kvitt meg så lett!

Vaaaarmt!

Inn i mellom alle dei 700 artiklane om skattelistene i kvar einaste nettavis her i landet, har eg fått med meg at lenger nord i landet, er det heilt kvitt overalt. SNØ? Kva for noko? Slik ser det ut utanfor vindauget mitt akkuratt no.

Det var så varmt i dag at eg måtte innom Mix på veg heim frå skulen, og kjøpe is før eg smelta heilt. Den var forresten dødsgod. Og kald i denne tropeheten. Slik ser det forresten ut heime i Volda akkuratt no

Hahahahahhahahahahhaa, fantastisk. Eg <3 Drammen. No skal eg søke opp alle kjente og ukjente på skattelistene, bye.

Trening?!

Utfordrande å gå frå å vere tidenes lataste skapning, til ein person som faktisk.. trenar! Skikkelig kjørt etter ei god treningsøkt i dag, og kosa meg nettopp med krydderbiff med peppersaus og poteter til middag, og ein passe dårlig film. Litt av ein hybelmat, hæ? :D 

Eg og Elise gikk tur og tok litt bilete i forgårs, men enda ikkje opp med så mykje bra. (Og så var det litt kaldt...)

Synest eg er litt dårlig til å ta bilete av kva som skjer, men skal (i det minste) prøve å bli litt flinkare! Det skjer ikkje så mykje spennande for tida at det er verdt å blogge om heller. Ingen gjestar som har sølt popcorn ut over heile gulvet i det siste, og har heller ikkje låst meg ute på nokre veker.... Men viss det skjer noko, så er det rett ut på bloggen med det!

Teikne hus #"€&%!

Latskapen tok over, og bloggen vart gløymt. Eller så hadde eg så mykje å gjer at eg ikkje fikk tid til å blogge. You'll never know.

Vi har no ei obligatorisk teikneoppgåve på skulen, der vi skal teikne eit hus. Sjå for deg entusiasmen min når vi fikk oppgåva! Ikkje nok med at alt eg har gjort i dette faget hittil i år er å sitte ute og fryse medan eg latar som om eg teiknar hus, men no skal vi jammen teikne eitt til. 

Tenkte eg skulle gjere ein innsats på det fryktelige huset i dag. Følte meg fortapt med ein gong.

Så eg berre... YAY!


Haustferien er her! I morgon går turen heim til Disney Channel og god mat. Kjem nok til å ende opp foran TV'en heile veka og stappe i meg kake og bollar. Snakkast om nokre kilo!

Svanhild

19, Drammen

Nynorsk i bokmålsland. Studerar visuell kommunikasjon, og har omsider flytta heim frå mor.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

Denne tjenesten er levert av blogg.no
hits